56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Som nevnt tidlegare så kjem fotballbana på Raknestunet til å vere stengt for parkering lørdag og søndag, grunna misjonstivoliet.

Det vert difor alternativ parkering ved Hjellvik bedehus og ved Lea’s Amcar (sjå kart nederst på sida).

Merk òg at ferga Breistein-Valestrand ikkje går lørdag og søndag grunna verkstedsopphold, så då må de kjøre om brua.

Praktisk organisering av parkering: For de som er fleire i bilen, er det mulig å kjøre ned på Raknestunet og sleppa av alle utanom sjåføren. Deretter vil parkeringsvaktane vise deg om du skal parkere på Raknestunet, Hjellvik bedehus eller Lea’s Amcar (100 meter lenger oppe i vegen).

Det vil bli kjørt kontinuerlig minibuss mellom Hjellvik bedehus og Raknestunet, så de som parkerer der slepp å gå ned til Raknestunet viss ikkje de vil.

Det som vi anbefalar er at alle prøver å vere litt tidlig ute, då det vil ta lengre tid i år å få alle parkert og på plass!