56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Søndag 7. juni var siste dagen i årsmøtehelga til Nordhordland Indremisjon. Kl. 11 var festsalen heilt fullsett. 30-40 fekk sitjeplass på scena, og i sjølve salen var det svært få stolar som ikkje var i bruk. Alle generasjonane var samla, og Veslestova vart nesten for liten då alle som ville vera med på barnemøte gjekk inn der eit stykke ut i møtet. Då hadde alle mellom anna fått vore med på nattverd. Ca 300 nattverdgjestar deltok denne søndagen, i tillegg var mange barn med fram og vart velsigna.

Koret Divisi var med heile årsmøtehelga, og også denne formiddagen leia dei den store forsamlinga i allsongen, i tillegg til at dei framførte ein del songar som kor. Arnfinn Norheim tala til dei vaksne etter at flokken hadde delt seg.

Etter møtet var grillkokkane klare med søndagsmiddagen for dei som ville ta den på Frekhaug, og mange stoppa igjen lenge. Matfellesskap og prat høyrer med ein slik søndag. For barna var det som skjedde på fotballbana høgdepunktet. Der var det rigga til misjonstivoli med mange ulike aktivitetar. Is og snacks kunne kjøpast, men mykje kunne ein vera med på heilt gratis. Her kunne ein skyta med luftgevær, verta malt i ansiktet, kasta på boksar eller hestesko, hoppa på svære trampoliner og mykje anna. Reine 17.-maistemninga vart det på kunstgrasbana denne dagen. I høgste grad ein årsmøtesøndag for alle generasjonar.

Stor aktivitet og stor stemning på fotballbana etter formiddagsmøtet.

Tekst og foto: Asle Hetlebakke