56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Velkomen til Raknestundagen søndag 16.august!

Sjå informasjon på plakaten under her.

Elles litt ymse informasjon:

Misjonstivoli:

Det vert misjonstivoli i år òg, etter nokonlunde same lest som i fjor.

Aktivitetane vert gratis, forutan dei der det vert solgt ting som er etande.

Parkering:

I år som i fjor kjem vi berre til å bruke ein mindre del av uteområdet til misjonstivoliet, så målet er at dei fleste skal få parkering på fotballbana eller på asfalten.

Det er mulig å parkere ved Hjellvik bedehus for dei som ikkje får plass nede ved Raknestunet.

De kan då køyre ned til Raknestunet først, og sjekke med parkeringsvaktane om det er plass der, og evt. sleppe av passasjerar i bilen, og så kjøre opp att til Hjellvik bedehus viss det er fullt.

Det er ofte veldig fullt innomhus på Raknestundagen, så vi oppmodar folk til å vere litt tidleg ute.

Dei som kjem sist må gjerne sitte ute i gangen.

Det er òg mogleg å sette seg i peisestova, der vi overfører lyd og bilde av det som skjer inne i møtesalen.

Ta gjerne kontakt om de har spørsmål.

Velkomen til Raknestundagen!