Gode og dårlege kongar
Å lesa kongebøkene i Bibelen er mykje meir enn interessant. Ein av mine overvettes nyttige bibelnøklar seier at «alt som er skrive før, er skrive oss til lærdom.» (Rom.15,4) Så spørsmålet vert ikkje OM me kan læra noko, men KVA?
Svaret her må verta – mangt og mykje! Dei fleste kongane Israel hadde var dårlege. Dei brukte ikkje posisjonen og makta si til det gode, men vart ofte leiarar som drog folket vekk frå Herren sine vegar. Men der var unntak. Personar som rydda opp og reinsa ut med hard hand, både ute mellom avgudsdyrkarane i folket og i Herrens hus.
Ein slik konge er Hiskia. Her er eit vitnemål om han: «Hiskia sette si lit til Herren, Israels Gud. Etter han har det ikkje vore hans like mellom alle Juda-kongane, heller ikkje mellom dei som hadde vore før han.» (2Kong 18:5)
Hiskia var gudfryktig og trufast mot Herren. Likevel fekk han store problem. Ein kjempehær frå Assyria, leia av den stolte gudsspottaren Sankerib, trugar dei. Hiskia aksjonerer på ulik vis. Mellom anna samlar han folket sitt og set mot i dei med ein tale. Her er litt av preika hans: «Ver djerve og sterke! Ver ikkje redde, og ottast ikkje kongen i Assyria og heile den hæren han har med seg! For det er ein større med oss enn med han. Med han er ein arm av kjøt, men med oss er Herren vår Gud. Han skal hjelpa oss og føra krigane våre. Og folket vart styrkt av orda frå Juda-kongen Hiskia.» (2Krøn 32:7f)
Det gjekk som det måtte gå. Herren let seg ikkje spotta. 185 000 assyrarar fekk nokre dyre, siste lærdomar, om at Israel sin Gud var annleis enn dei andre folka sine gudar.
Godt der var ein slik konge som i ein krisesituasjonen kunne formidla gudskjennskap og tru som gav folket mot og styrke.
«Og den Gud som var på Hiskia si tid, er likedan i dag.» Gode lærdomar å ha med seg i ei tid då verda meir og meir styrest og pregast av ugudelege «kongar».
Audun Hjellvik, pensjonist og fritidsforkynnar
Ilustrasjon frå FreeBibleImages