56 17 70 25 nordhordland@imf.no

I løpet av haustferien var 130 barn på leir på Raknestunet. Det vart både bibelglede, bading og begeistring desse dagane.

To leirar kvar si helg og ein leir frå mandag til onsdag vart det plass til på Raknestunet i haustferien. Deltakarane går i 3.-7. klasse, og leirane var fordelte på desse klassetrinna. Til saman stilte over 40 leiarar opp, riktignok går ein del namn att og vitnar om nokon som orka to leirar. Når ein også reknar inn kjøkenpersonalet, er det mange som har vore på «haustferie» på Raknestunet.

For leir er ikkje akkurat ferie, det er stor aktivitet frå morgon til kveld. Dei fleste er også stille om natta. På dei to siste leirane, der underteikna fekk vera leirsjef, var det svært rolege netter. Siste morgonen søv dei fleste til bjølla ringte og varsla om at det var på tide å stå opp til ein ny dag.

Mange villige forsangarar på kveldsmøte

På alle leirane vart historia om Josef fortalt i bibeltimar og kveldssamlingar. Borna fekk vera med han heime hos Jakob, i brønnen, på veg til Egypt som slave, i Potifar sitt hus, i fengselet, i tenesta for farao og då han møtte igjen brørne sine og tilgav dei. Så kom også paralellane til Jesus fram, og sjølvsagt vart også evangeliet forkynt utfrå denne vinklinga. På mange av desse samlingane var det heilt stille under forkynninga, mykje vart sådd i god hjartejord. Dei to siste leirane vart avslutta med familiemiddag og familiesamling, siste søndagen var 110 menneske samla i møtesalen som avslutning på leiren.

Ivrige bibeloppslåarar på ei av bibelsamlingane

Kioskkøen høyrer med på leir, det same gjeld leirfesten med mange innslag frå deltakarar. Sporløp og andre lagkonkurransar er ein del av programmet, det same er sjølvsagt mange gode måltid i matsalen. Spela i peisestova var flittig i bruk i noko surt haustver, og både bingo og kanopadling og mykje anna kunne veljast som aktivitetar. Og sjølv om badevakten gjekk i både gensar og jakke kasta ein del jenter seg ut i Raknesvågen på dei siste leirane. Rekorden vart seks hopp, og sjølv om alle dei 17 jentene som var uti vitna om svært kaldt vatn vart det ei flott meistringsoppleving for dei alle. Gutane glimra med sitt fråver, så det er ikkje tvil om kven som her er det tøffaste kjønnet.

Grimasebilde av eitt av laga under sporløpet. Jammen vant dei heile greia og.

Samtalar om tru og tvil vert det også ein del av, og mange gjev uttrykk for ei trygg barnetru på Jesus. Nokon får bibel med seg heim, og strålar over nyvunnen rikdom. Og dei stygge kommentarane, erting og utelukking? Det var så og seia heilt fråverande, det er mange flotte og eksemplariske barn som kjem på leir og.

Leiar Leiv Nesheim et restane etter geledesserten på familiemiddagen onsdag. Nokon meinte nok han forsynte seg grovt.

Foto; Ole-Jørgen Storsæter.

Tekst og foto: Asle Hetlebakke, leirsjef på 3.-4. klasseleir og 4.-6. klasseleir