Bedehuset i Ytre Arna er heile 160 år gamalt. Bedehusnamnet har ikkje vore i bruk heile tida, og indremisjonsforeininga har ikkje vore eigar av huset i alle desse åra. Det var fabrikkeigar Jebsen som fekk sett opp huset som forsamlingshus, først og fremst for arbeidarane sine. Mellom anna var det «leseværelse», eller bibliotek, i huset, og det vart lagt vekt på oppbyggelege samlingar. Seinare fekk Ytre Arna Indremisjon ta over huset. Huset ligg i enden av ei lang husrekke i sentrum av Ytre Arna, her er det bedehus i tre etasjar. I ein god del år no har indremisjonsforeininga her hatt eit tett samarbeid med nabobygda Haugland, som også har eige bedehus.

160 år må markerast. Marsipankake spesiallaga av eit ektepar i forsamlinga vart servert på søndagsmøtet 25. oktober.
Cirka annankvar søndag er det søndagssamling på formiddag, vekselvis i Ytre Arna og på Haugland. På ein del av desse samlingane vert forsamlinga delte i tre eit stykke ut i møtet. Dei minste søndagskulebarna går på loftet, dei litt eldre har bibelgruppe i kjellaren og dei vaksne vert att i møtesalen. No har dei og synkronisert seg med tanke på forkynninga. -Tanken er at både barn og vaksne skal få forkynning utfrå same teksten, og her nyttar vi tekstrekkene frå Sprell Levande, fortel Eva Bognøy, møteleiar den siste søndagen i oktober.

Forsongarteamet på scena i Ytre Arna bedehus.
Onsdag er også vanleg møtedag i samarbeidet. Då er det møte med talar eller bønesamlingar, også dette vekslar mellom dei to bedehusa, men flokkane er flinke til å koma på møte begge stader. Og her er også samarbeidet med kyrkja i Ytre Arna godt. Mellom anna legg ein opp til minst ein bibeltimeserie i halvåret, der nokre av timane er i kyrkja med soknepresten som undervisar. Dei andre er i bedehusa, gjerne med talar frå indremisjonen.
Også barna har sin naturlege plass i bedehuset, og ikkje berre på søndagssamlingane. Ving-laget er samla annankvar torsdag, og her er det 1.-4. klassingane som fyller huset. Den andre torsdagen er turen komen til Torsdagsklubben, der dei litt eldre frå 5.-7. klasse er velkomne. Ungdomane frå 8. trinn og oppover har sine samlingar i Haugland Ungdomsklubb søndag kveld. Og i kjellaren i bedehuset i Ytre Arna er det innreia kafe. Denne er open nokre timar kvar fredag, og her er det tid for både mat, prat og ulike programinnslag.
Ei helg kvar haust er det klart for forsamlingsweekend for indremisjonsforeiningane på Haugland og i Ytre Arna. I år er første helga i advent valt, og Raknestunet er staden for alle generasjonane frå fredag ettermiddag til søndag middag. Ei viktig helg for å byggja fellesskapet vidare. Så er det ulike tankar om endå meir samarbeid, korleis det endar får tida visa. Eigentleg har ein her to bedehus som ikkje er optimale med tanke på kor mange rom det er trong for på ei søndagssamling, men begge er altså godt utnytta og kan brukast til mange ulike aktivitetar.

Mykje godt å velja i på bedehuskaffien etter søndagsmøtet.
«Herren er min styrke og min sang, og han er blitt min frelse.» Dette er bibelverset frå Jesaja 12 som er sitert på framsida av programheftet for dei to bedehusa denne hausten. Og så er målet klart og tydeleg at denne frelsa må nå også andre som bur i Ytre Arna og på Haugland, anten dei er unge eller gamle, barn eller vaksne.

Heilt i enden av husrekka ligg det tydeleg merka bedehuset i Ytre Arna. Butikken ligg vegg i vegg.
Tekst og foto: Asle Hetlebakke