56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Tysdag 1.desember er alle velkomne til julebord på Raknestunet.

Sjå plakat under for informasjon om program, prisar, meny og påmelding.

Nytt for i år er at vi har open peisestove frå kl. 15.00 – 17.00, der ein kan kome og få seg ein gløgg, kaffi og litt sosialt samvær før julebordet byrjar kl. 17, viss ein har tid og lyst til dette.

Viss ein ynskjer å melde seg på i Checkin kan de gjere dette HER.

For dei som ikkje melder seg på i Checkin vert det tatt betaling ved ankomst, der ein kan betale med både kort, Vipps og kontantar.

Hugs påmeldingsfristen, og hugs å gje beskjed om eventuelle matallergiar.

Velkomen til julebord på Raknestunet!