Etter onsdagsmøta i Hauge bedehus er det tid for kveldsmat. Siste onsdagen i oktober kom så mange at det måtte dekkast på til fleire i småsalen.
Onsdag er den faste møtedagen i Hauge bedehus på Osterøy. Nokre onsdagar er det møte eller bibeltime med talar utanfrå, andre ganger er flokken samla om bibellesing og bøn. Dei siste åra har forsamlinga sjølv sett opp tema på nokre av bibeltimane, denne hausten har det vore fleire timar om bøn med ulike talarar. Slik var det også den siste onsdagen i oktober. -Me prøver å få tak i talarar frå ulike misjonsorganisasjonar, og set pris på den variasjonen, sjølv om dei fleste kjem frå Nordhordland Indremisjon, seier Madli Hannisdal, som er styreleiar i Hauge Indremisjon.
For ein del år sidan vart Skistad bedehus selt. Bedehuset på Valestrand er også selt, her held Danielsen Ungdomsskule til. Ein del av dei som høyrde til i desse bedehusa er no engasjerte på Hauge, og dukkar alle opp som høyrer til i forsamlinga, vert det ein ganske stor flokk. Og etter at sjølve kveldsmøtet er slutt er det tid for kveldsmat. Tidlegare var det ståande buffet der folk eventuelt sette seg nedatt i stolradene i møtesalen, men no sit ein rundt bord i småsalen og nyt påsmurte skiver, te og kaffi. Sjølvsagt går praten også.
Og så vart altså småsalen nesten for liten. Fleire stolar måtte til, og det vart rimeleg trongt, men dette er jo eit luksusproblem. -Me skal nok klara å få plass til alle om det kjem fleire, me har og ein sal i kjellaren om det knip, meinte matkomiteen. Og treng du eit trøorgel? I småsalen på Hauge bedehus står det eitt dei gjerne vil ha vekk, og då vert det jo plass til fleire bord der inne og. Orgelet finn du for tida på finn.no

Rimeleg fullt i småsalen, nokre kveldsetarar er og skjulte i krokane.
Bildet av Hauge bedehus øvst er frå 2003, men huset har ikkje endra seg så mykje.
Tekst og foto: Asle Hetlebakke