Klokka er 18 den siste fredagen i november, og basarleiar Randi Keilegavlen Dyrøy kan ønska velkomen til Litlås bedehus. Bedehuset er heilt fullsett. Mange av dei oppmøtte bur i bygda, men det er også kome ein del frå nabobygder, og nokre har kome heimatt for å gå på basar i bedehuset dei tidlegare høyrde til.

Mange flotte gevinstar skal få nye eigarar.
Det er ikkje så ofte det er samlingar i bedehuset på Litlås lenger, men ei barneforeining er framleis i drift, og mange av dei som går der møtte også opp på basaren. Slik vart dette ei samling for alle generasjonane. Andakt og julesongar starta det heile, og så har ein basar på Litlås fleire avdelingar i programmet vidare. Etter bordverset fekk alle påsmurte skiver, kaffi og saft, i fleire timar hadde ivrige kjøkenmedhjelparar vore i sving for å ordna med måltidet.
Tusen årer vart kjøpte under sjølve basaren, og som vanleg var ikkje vinnarlukka likt fordelt. Men stemninga var god, og dei fleste takla både det å vinna og det å ikkje vinna på ein god måte. Ei av dei yngste jentene sa det slik: «Eg vann ingenting, men eg er veldig glad for at eg fekk vera med på basar.»

Åreselgarane vert lasta opp.
Men anten du hadde lukka med deg under åresalet eller ved trekkinga av loddbøker eller ikkje, kunne du gå heim med «gevinst» likevel. Småsalen var omgjort til butikk, der det mellom anna kunne handlast handarbeidsprodukt og julebakst, alt saman dugnadsprodusert. Så mange nytta høvet til å kjøpa, anten det no var julegåver eller til seg sjølv. Handelen gjekk føre seg også ei stund etter basarslutt, så stilte ein stor ryddegjeng opp og ordna med alt som må gjerast også etter at dei fleste oppmøtte har gått heim.
For etter to og ein halv time er det slutt, og folket går ut i vintermørket, i bygda ikkje langt frå Mongstad. Men mange tusen kroner ligg att i bedehuskassen, eit tydeleg signal om at folk vil ha dette huset i bygda framleis.
Tekst og foto: Asle Hetlebakke