Gud har mange ting å læra oss
Gud førte folket sitt ut av slaveri i Egypt. Han leda dei inn i ørkenen. Der gjekk dei tom for mat. Dei klaga til Gud. Vi kan lesa om det i 2.Mosebok 16. Gud sende mat, same kveld fekk dei vaktlar. Det var ein fugl dei kunne tilbereda. Neste morgon låg det eit kvitt lag på bakken som likna på rim. Dei kalla det manna. Det var søtt og smaka godt.
Gud ville lære folket noko med den maten han gav dei. Han laga nokre manna-reglar: 1.Sank berre det du treng å eta for ein dag. 2.Ikkje la noko bli igjen til neste dag. 3.På lørdagar skal du sanka for søndagen og. 4.Ikkje gå ut for å samla manna på søndagar, då skal de få kvila.
Slik gjekk det med dei: 1.Nokon sanka mykje, andre sanka lite. Likevel hadde dei som sanka mykje ikkje noko til overs. Og dei som hadde lite, mangla ingenting. 2.Nokon sparte til neste dag. Då gjekk det makk i det, det stinka og kunne ikkje etast. 3.På lørdagane sanka dei for to dagar. Då råtna det ikkje. 4.Nokon gjekk ut for å sanka på søndagar, men dei fann ikkje noko.
Gud hjalp folket sitt med mat i ørkenen på ein rettferdig måte! Alt dei trengte å gjera var å gå ut og sanka manna på den måten som Gud hadde sagt. Alle fekk nok. Dei fekk kvila og. Gud er rettferdig og tolmodig. Israelsfolket vandra i ørkenen i 40 år. Dei fekk manna alle dagane etter dette. Heilt til dei var framme ved grensa til Kanaan. Gud sørga for dei!
Gud sørger for oss og! Han veit akkurat kva vi treng! Av og til har vi det vanskeleg, og av og til er livet lett. Gud prøvde sitt folk. Av og til prøver Han nok oss og. Han vil at vi skal læra å stola på Han. Vil at vi skal halda oss endå tettare til Han.
Manna-historia peiker framover på Jesus. Jesus seier: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungre, og den som trur på meg skal aldri tørste.» Johannesevangeliet 6,31-35
Eva Bognøy, kjøkkenmedarbeidar på Raknestunet
Illustrasjon fra FreeBibleImages