På jubileumsfesten som markerte 150-årsjubileet til Vaksdal Indremisjon, vart Erna Tolaas intervjua. Med sine 91 år var ho nok den eldste i forsamlinga, og er i dag ei av dei siste i sin generasjon som framleis er å finna på møte og andre samlingar i bedehuset.
Det var vekking på Vaksdal frå 1950 og ei stund framover. Då var Erna 16 år, og etter ei stund vart ho med på møte. -Det var Jon Jensen og Arthur Birkeland som var talarar, og eg kan framleis sjå for meg Jensen som spela trekkspel og song «Du er innbudt til bryllup i himlen.» Då fekk eg ta imot Jesus, og eg har ikkje angra ein dag på at eg fekk ta det valet som ungdom, fortalde Erna.
Det vart naturleg for henne å finna sin plass i bedehusflokken. -Ganske snart vart eg med i musikklaget, og eg kan hugsa at det var heilt fullt på scena når heile korflokken stilte seg opp for å syngja. Mange av desse var nyfrelste, minnest ho. -Det fellesskapet eg har fått ha i bedehuset har vore svært viktig for meg, eg er svært glad for at eg har fått vera ein del av dette. For etter den gongen har eg høyrt til her, og bedehuset har vorte min andre heim, fortel Erna Tolaas. Sidan den gongen i 1951 har det vorte mange møte, foreningsmøte, basarar og andre samlingar der ho har møtt opp, og gjerne tatt eit tak i tillegg.

Åshild Rene intervjuar Erna Tolaas.