56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Det er stor aktivitet i bedehuset på Konglevoll. Her er ulike tilbod til alle aldersgrupper.

Det er søndag ettermiddag. Kl. 17 er det klart for storsamling i Konglevoll bedehus. Ein god time med møte går vidare i ei like lang økt med kaffi, saft, kaker og prat. Alle generasjonane er representerte dei søndagane ein er samla på denne måten. Bedehuset sitt eige «band» er på plass, det er tale av ein av dei som høyrer til i bedehuset eller ein utsending frå ulike organisasjonar, og nokre gonger deler ein og nattverden i desse møta.

Siste søndagen i september er Brita Bogevik møteleiar. Under truvedkjenninga vert det tent lys på scena, lovsongen er sterk og frisk leia av bandet, og både små og store kjem fram og tek imot nattverd mot slutten av møtet. Asle Hetlebakke talar denne gongen, om det som hende i Samaria då fire spedalske menn vart brukt av Gud til å berga heile byen, slik det er omtala i 2. Kongebok.

Husbandet i Konglevoll bedehus.

Men Konglevoll er ikkje berre eit søndagsbedehus. Ein kikk på programmet og facebooksida kan fortelja om mykje som skjer. Lørdagstimen samlar dei yngste barna og mange foreldre i tillegg. 4.-7. klassingane vert inviterte til Tweens fredag ettermiddag. «Kristen ungdomssamling» heiter arrangementet seinare fredagen. Då er det ungdomane som er samla. -Lovsang, bibelundervisning og litt leik til slutt, det er programmet, fortel leiarane Terence George og Asle Hetlebakke.

Nokre fredagar vert det også invitert til fredagstaco i bedehuset. Då her heile familien velkomne til middag. Nabolunsjen ein del mandagar startar kl. 12, og samlar sjølvsagt mest den eldre garde. Då stiller bedehusflokken med brød og kaffi, så tar alle med litt pålegg kvar og det vert eit flott lunsjbord.

Kaffi, kaker og ein god drøs høyrer med til ei storsamling. Ved dette bordet er det flest av den eldre garde som har samla seg.

For nokre år sidan vart Lindås bedehus seld, og indremisjonsforeininga der slo seg saman i det som no heiter Lindås og Hundvin Indremisjon, som eig bedehuset på Konglevoll. -I det siste har vi fått ein heil del nye medlemar, fortel Leif Birger Sortland, som er med i styret i foreininga. Han fortel og at onsdagen også er ein dag med aktivitet i bedehuset. Dei fleste onsdagane er det møte, nokre gonger med talar, andre gonger som bøne- og delemøte. Men denne hausten er litt spesiell. Sju onsdagar er sett av til samlivskurs, der par i ulike aldrar kjem saman og set søkelyset på ulike sider av det å leva saman.

Andreas Bogevik (t.v.) og Leif Birger Sortland leia nattverdutdelinga på storsamlinga 27. september.

Tekst og foto: Asle Hetlebakke