No nærmar det seg den store dugnadsfesten, som skal vere på Raknestunet torsdag 22.september kl. 18.00.
Her vert det servert god mat, vi får besøk av ordføraren på Osterøy, og det vert god tid til drøs og hygge rundt kaffibordet. Vi har lyst til å presisere at dette ikkje er ein fest kun for dei som føler at dei har lagt ned mange dugnadstimar på Raknestunet siste året, men at den er for ALLE som er glad i Raknestunet, så hjarteleg velkomen skal du vera!
Festen er gratis, men du må melde deg på, slik at vi veit kor mange som kjem. Dette kan du gjere ved å kontakte krinskontoret, eller ved å bruke Checkin, trykk HER.