56 17 70 25 nordhordland@imf.no

I teksten for denne søndagen kan me mellom anna lesa likninga om ei kvinne som mista ein sølvpenge. Ho hadde ni igjen, men likevel sette ho i gang med ein stor leiteaksjon for å finna att mynten. Til slutt finn ho, og gleda er så stor at den må delast med andre. Både veninner og nabokoner vert kalla saman og fortalt om pengestykket som vart funne att. Hadde likninga vorte fortalt i vår tid, ville det sikkert vorte sagt noko om at meldinga kom raskt ut både på facebook og andre kanalar.

Så slår Jesus fast at dette ikkje først og fremst handlar om nokre sølvmyntar, men det er langt meir verdfulle skattar det her er snakk om. Mynten skal minna om ein syndar som vender om, noko som skaper stor glede mellom Guds englar. Det ser altså ut til at det er mykje glede i himmelen, for kvar dag er det menneske ulike stader på denne jorda som vert funne att, får ta imot Jesus som frelsar og vert innlemma i Guds rike.

Englane har vel hatt gledesfest på grunn av deg? Fordi du, svært verdfull i Guds auge, vart funnen? Og så minner likninga oss om at det er ein leiteaksjon på gang etter dei du ber for, dei av dine som ikkje er frelst. Det er framleis mange syndarar som skal leitast opp, og parallelt med gleda mellom Guds englar pågår leiteaksjonen. Kven vert den neste som vert funnen, kven vert den neste mynten som kjem fram i lyset?

Asle Hetlebakke

Illustrasjon frå FreeBibleImages