På barneleirane denne sommaren har bibelundervisninga fått tema om å gje det vidare. Det som skal vidare er evangeliet, arbeidet som starta på pinsedagen etter oppdraget i misjonsbodet Jesus hadde gitt dei på fjellet i Galilea. Læresveinane starta prosessen, og så spreidde det seg ut som ringar i vatnet. I dag har evangeliet nådd til alle land på jorda, sjølv om mange enno ikkje har høyrt, og mange ikkje trur på det dei har høyrt. Og alt dette sjølv om Jesus sjølv vart henta heim til himmelen frå Oljeberget ti dagar før pinsehøgtida.
Det starta så bra på pinsedagen og dagane etter med fleire tusen nye Jesus-truande. Så kom skyene, menneskeleg tala. Det vart fengselsopphald og piskeslag for læresveinane, og det var mange gode grunnar til å gje opp heile prosjektet.
-Tenk om dei alle hadde tenkt at dette nyttar ikkje, me er altfor få, verda er så stor (og eigentleg kjende dei jo berre til ein liten del av jordkloden).
-Tenk om det hadde vorte for tøft og vanskeleg, og forfølging, tortur og drap hadde fått heile flokken til å teia slik at evangeliet stoppa opp.
-Tenk om ein generasjon kristne hadde bestemt seg for å halda evangeliet for seg sjølv og ikkje gje det vidare til generasjonane etter.
-Tenk om noko av dette hadde skjedd på eitt eller anna tidspunkt i misjonshistorien. Kva då med oss i dag? No kunne Gud latt steinane tala, han kunne sendt sine englar ut i misjonstenesta, han kunne heilt sikkert fått bodskapen ut på mange ulike måtar. Men det vanlegaste har alltid vore at menneske får høyra evangeliet, tar imot det i tru og deler det vidare ut. Slik må det også vera i våre dagar.
Peter og Johannes får streng ordre om å tei still i Apgj. 4. Svaret er at dei må lyda Gud meir enn menneske, og så seier dei det : «Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt». Ei utsegn som er akkurat like aktuell i dag.
Asle Hetlebakke
Illustrasjon frå FreeBibleImages