56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Guds fred

Det er ferietid for mange, og sumardagane er gjerne meir fredfulle enn året elles. Livet kan likevel by på uro og bekymringar, og ser ein på nyheitsbiletet kan dette bekreftast. Når livet vert fylt med uro og strid, er det eit løfte i Jesu avskjedstale til læresveinane sine som eg stadig kjem tilbake til, eit løfte som eg finn både håp og glede i. Det er følgande: «Fred etterlét eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!» (Johannes 14: 27). I same tale gjev Jesus løfter om at Han ikkje forlét oss til å vere åleine, men at han vil sende Den Heilage Ande som skal komme og vere hos oss og i oss, og som skal lære oss alt og minne oss om alt det Jesus har sagt oss.

Den fred som Jesus gjev, er altså annleis enn den fred verda gjev. Tinga vi eig i denne verda har nemleg ein tendens til å ruste og eldast med tida, men dei skattane vi har i himmelen består til evig tid. Hans løfter til oss står fast, noko som gjer at Guds fred ikkje er avhengig av omstenda våre, men heller avhengig av Hans trufaste løfter til oss. Og sjølv når vi er trulause, er Han trufast. Han lovar å vere med oss alle dagar inntil verdas ende. Han gir oss evig liv og forsoning med Gud, vår skapar og Far. Han møter oss med ubetinga kjærleik, og Han er ein god gjetar som leier oss gjennom mørkaste dalar og til vatn kor vi finn kvile. Med ein vissheit om dette kan vi bere med oss Guds fred uavhengig av omstende, legge alt vi har på hjartet fram for Gud, og finne kvile i at Guds løfter er urokkelege.

Paulus uttrykker godt denne freden i Filipparane 4:12-15: «Eg veit kva det er å ha lite, eg veit kva det er å ha overflod. I alt og i alle ting er eg innvigd, å vera mett og vera svolten, å ha overflod og ha for lite. Alt maktar eg i han som gjer meg sterk».

Nåde vere med dykk, og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. 

Silje Hetlebakke, barne- og ungdomsarbeidar i Nordhordland Indremisjon og i Haugland og Ytre Arna bedehus

Illustrasjon frå FreeBibleImages