56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Det har gått 150 år sidan indremisjonsarbeidet på Vaksdal starta opp.

Den siste lørdagen i august var det invitert til jubileumsfest i Vaksdal bedehus. Det har gått 150 år sidan Vaksdal Misjonsforening vart stifta 1. august 1876, namnet er seinare endra til Vaksdal Indremisjon. I tre timar fekk dei frammøtte historiske tilbakeblikk, song, andakt og helsingar til jubilanten. Mykje og god mat høyrer også med, ei stor jubileumskake trona på matbordet saman med mykje anna som kunne nytast i matpausen.

Gerdt Meyer, som starta opp Vaksdal mølle tidleg på 1870-talet, ville også gje arbeidarane sine Guds ord. Difor samla han dei i snekkarverkstaden dei søndagane det ikkje var gudsteneste i Bruvik kyrkje og delte Ordet med dei. Dette var noko av grunnlaget for at foreininga vart starta opp i 1876. Dei første rundt tjue åra var møtene i stovene på ulike gardar i bygda, i 1895 fekk Vaksdal sitt første bedehus.

Matkø høyrer med på ein jubileumsfest, men som vanleg vart det rikeleg til alle.

Ordførar Hege Eide Vik helsa frå Vaksdal kommune. Ho bur sjølv ein annan stad i kommunen, men kunne fortelja at ho sjølv hadde vore med i indremisjonen sitt barnelag på Eidslandet då ho vaks opp. Ikkje minst hugsa ho songane derifrå, og ho sette og pris på songane på jubileumsfesten. -Det er så kjekt å kunna syngja i lag, sa ordføraren, som også er utdanna sangpedagog.

Vaksdal-ordførar Hege Eide Vik på talarstolen i Vaksdal bedehus.

Vaksdal Indremisjon er høgst oppegåande i jubileumsåret, og som noko av det siste i festen delte Marit Alvheim og Jostein Rene nokre av sine tankar om framtida. -Vi ønskjer fullt hus, inkluderande miljø, og at bedehuset må vera ein plass der Guds ord kan forkynnast reint og der menneske kan få kunnskap om kva Bibelen seier, sa dei. Dei peika også på godt samarbeid med kyrkja. -Vi opplever å ha det same målet, vi vili gje evangeliet vidare og peika på Jesus.

Marit Alvheim og Jostein Rene.

Tekst og foto: Asle Hetlebakke