56 17 70 25 nordhordland@imf.no

Klokka passerte midnatt og tikka seg inn i juli for to timar sidan. Det er heilt stilt på Raknestunet, sjølv om 5.-7. klasseleiren er inne i den siste natta. I morgon (eller rettare i dag) er det berre tid til å pakka, rydda og eta frukost før heimreisa. Eg får lov til å ha nattevakt slik eg ofte har siste natta på leir, etter at bibeltimar og forkynning er unnagjort. Og etter å ha fått dei som hadde store planar om «døgning» til ro, site litt inne på nokre rom der «eg får ikkje sova», og roa ned nokre dårlege magar og tårevåte heimlengtarar sit eg her i Osterøy-natta og grundar litt på dette med leir. No har eg fått vera på leir i snart ei veke. Først var her ein stor flokk 4.-6. klassingar, så kom den gjengen som er her no, som skal opp i 5.-7. klasse til hausten.

Og er ikkje leir berre bråk og uro, obsternasige og ulydige barn og utslitne leiarar som må heim og sova i dagevis etterpå? Nei, og no kjem tankane i natta, i tilfeldig rekkefølge, om kor flott leirlivet sine detaljar kan vera:

-Tenk å få lov til å kjenna på tårene i augekroken og frysningane på ryggen når ein heil leirflokk syng sterkt og friskt, utan å skrika: «Gud du elsker meg og tar meg som jeg er. Jeg ble skapt fordi du ville ha meg her….» Det er så vakkert, og du kan by meg all verda sine kor og profesjonelle artistar. Denne gjengen slår alle.

-Tenk å få lov til å vera på kaien saman med ein flokk badande deltakararar, og sjå den som står og vurderer fram og tilbake i ti minutt om ho tør å hoppa frå den høgaste trappa. Så kjem hoppet, og den strålande meistringskjensla er til å ta og føla på då hovudet dukkar opp igjen i vatnskorpa. -Eg klarte det!

-Tenk å få oppleva at ein deltakar tek til tårene ein sein kveld, lengtar heim og vil snakka med mamma. Etter telefonsamtalen prøver deltakaren igjen, og neste morgon vert det highfive i gangen før frukost. Litt flau over tårene, men så stolt over å ha klart det utan å reisa heim.

-Tenk å få oppleva at femti barn sit og blar i Bibelen for å prøva å finna fram i virvaret av bøker inni den eine boka. Når ein løyser bibelkoden og høgt og tydeleg kan fortelja at «no skjønar eg».

Tenk å få oppleva å stå i mål på leiarlaget i den store fotballkampen mot deltakarane. Tenk å få høyra jubelen når ballen susar forbi meg og i mål, for så å høyra nei-ropet når leiarane i neste angrep scorar sigersmålet.

-Tenk å få setja på eit plaster på eit lite sår, sjå på ei tå som har fått seg litt hard medfart i ein innebandykamp, tørka nokre tårer eller senda ein hutrande og «tannhakkande» badegjest opp med beskjed om å koma seg i dusjen og få varmen i seg att. Tenk å få lov til å vera ein trygg vaksen i mange ulike situasjonar og bli vist tillit.

Tenk å få lov til å forkynna evangeliet for ein stille og lyttande flokk på bibelsamlinga, tenk å verta invitert med for å stå i mål i innebandykampen i gymsalen, tenk å få høyra ein 12-åring fortelja litt på tomannshand om nokre av utfordringane i livet, tenk å få sjå gleda over eggerøre og bacon til frukost, tenk å få sjå dei mange takkelappane som vert skrivne på bønevandringa frå deltakarar som takkar for Raknestunet og leir. Tenk å…………

Lista kunne vorte så mykje lenger. Men tenk å få oppleva nok ein leir på Raknestunet! Tenk å få sitja her og kjenna på freden og vita at mange barn no ligg i kvar si seng og søv etter ein lang og innhaldsrik leirdag. No vert det ferie for min del, men eg kjenner at eg gler meg til august, då er det leir igjen.

Asle Hetlebakke, talar og nattevakt